Tur til Innerdalen

Så var det gått både vinter og vår, men no kan vi melde om at Solveig skal få sleppe meir av den ventinga. Turarrangør har endeleg fått ut fingeren og tasta turrapport til fingrane vart gule og blå.

Fredag 25. september hadde tjue stykk av dei sprekaste spreke, barskaste barske og kanskje V&As mest lovande, pakka storsekken klar. Bagasje, folk og fe vart stappa inn i fire ventande bilar, før vi feis av garde på lukke og fromme med hjelp av googlemaps og GPS. Vi skulle finne Fjellet. Ryktet om Fjellet og rikdommane ein kunne finne der, hadde i lengre tid gått som eit sus gjennom Realfagsbygget. I to veker hadde det blitt kviskra «Innerdalstårnet» på lesesalen, i korridorane og elles i krikar og krokar.

Sjølv om vi hadde eit noko meir oppdatert kart enn Bilbo og følget, enda det ikkje likare til enn at halvparten klarte å køyre seg vekk. Heldigvis fann alle fram til avtalt møtestad til slutt, og då var det berre å sæla på, og vandre innover i det store eventyret.

Med haustbitt i lufta og fjella i tåkeslør, bevega vi oss lenger inn i Innerdalen.

Trass i litt yr og smågrått, var stemninga god og motivasjonen stigande ettersom latterleg vakker vestlandsnatur bretta seg ut rundt oss. Ved Innerdalsvatna kom der eit vinddrag i lufta som letta på tåkesløret. Mangt eit beundrande gisp fylte lufta, for der låg Innerdalstårnet rett føre oss. Dit, på toppen av tårnet, skulle vi neste dag!

Evig optimist, lokka turleiar gruppa vidare innover i myrlendt landskap vekk frå hyttene, med lovnad om finfin leirplass for både telt og lavvo berre 10 min spasertur unna på brei, fin sti. Prova galt på alle punkt, måtte gruppa vende om og finne seg ein flekk innmark å slå opp campen sin på. Dette vart teke beundringsverdig godt imot av gruppa, og ein liten time seinare stod telt og lavvo oppreist. Ikkje eit augneblink for tidleg, for like etter gjekk vêret frå lett regn, til å regne tolleknivar og sinte trollkjerringer.

Få ting kan måle seg med mat laga over primus med valne fingrar, skitprat og ein varm sovepose i ly frå elementa når regnet trommar på duken. Neste dag skulle vi tidleg opp for å fange solstrålar i dei lunefulle fjella. Kunne vi kanskje nå toppen, og få klårvêr attpå til?

Klokka 05:20 skreik den første alarmen og varsla morgongry. Litt etter litt, dukka fleire vakre mårratryner fram frå teltdukane, men vart møtt av eit underleg skilt som påsto at her måtte ein betale for å sette opp sine telt og sleppe ein fis. Ei lita rådslåing følgde som enda med eit rekordraskt oppbrot av camp og installasjon på den sjølvbetena Innerdalshytta, eit greitt bytte syntes fleire. Like etter byrja vi oppstigninga til Innerdalstårnet.

Det vanskeleg å beskrive ein slik tur, den må rett og slett opplevast. Innerdalen i slutten av september/ byrjinga av oktober har for vane å kle seg i sterke haustfargar i fin kontrast til dei stålgrå fjella som vert ekstra ville og majestetiske med eit lite melisdryss snø på toppen.

På platået ved Storvatnet delte stien vidare og følget seg i to. Med ivrige skritt fortsette toppturgruppa mot toppen. Med halvt klyving og høge kneløft slynga stien seg høgare opp. Ein del kjende nok litt på kitlinga i magen og kanskje noko høgdeskrekk.Det vanskeleg å beskrive ein slik tur, den må rett og slett opplevast. Innerdalen i slutten av september/ byrjinga av oktober har for vane å kle seg i sterke haustfargar i fin kontrast til dei stålgrå fjella som vert ekstra ville og majestetiske med eit lite melisdryss snø på toppen.Innerdalshytta, eit greitt bytte syntes fleire. Like etter byrja vi oppstigninga til Innerdalstårnet.

Like før skaret hadde snøen festa seg i bergveggen. I fjellet på hausten er det kong vinter som regjerer, og kjem ofte overraskande på utan dei store om og men. Dessverre var det også kong vinter som avgjorde at ambisjonane for toppturen måtte senkast denne gongen. Innerdalstårnet er ein svært luftig fjelltur, og krev tørre svaberg, trygge vêrforhold og god sikt. Dette gjorde ikkje turen noko ringare, men fleire kjende nok på lysta om revansje allereie under nedstigninga.

Resten av dagen gjekk med til blåbærplukking, turar i området, triveleg samkvem og innanding av litervis med rein fjelluft. På kvelden vart det fyrt i bål nedanfor hytta. Mange hadde vore kreative og laga sine eigne variantar av bålmat, så grilling i regn og kveldsmørke skulle det bli, okke som!

Tredje dagen starta roleg for både telterane og dei som sov på hytta. Etter litt rydding og vasking av Innerdalshytta stod folket fritt til å bruke dagen etter eige ønskje.
Tjue slitne og godt nøgde fjellfarerar med blåbærblåe tunger, vende søndag nasa heimover til Trondheim. Rikare på naturskattar, erfaringar, og forhåpentlegvis litt meir opplagde til ein ny haust med mykje i vente i studentbyen Trondheim.